Tilbake

Nye vindauge til Årdalen ferdig laga – meisterleg handverk!

Huset no

Huset før

 

Vindauga

 

Detalj

 

4.10.2008  th

Våningshuset i Årdalen hadde tidlegare vindauge med 6 fag, sjå bildet til høgre. Dette var den vanlege typen vindauge tidlegare, og kledde bygningane fint.

Etter at Årdalen vart fråflytta i 1957, gjekk det ikkje så mange åra før vindauga måtte fornyast. Dette skjedde i åra rundt 1970 etter det vi kan sjå av eldre bilder. Vindauga vart skifta fyrst på nedsida av huset, men etter kvart alle. Nye vindauge på den tida skulle vere «husmorvindauge» med isolerglas, sjølv om dette braut med stilen på bygningane.

Sidan Aardalens Venner har som prosjekt å føre bygningane i Årdalen tilbake til gammal «velmakt», krev dette at alle vindauga må skiftast endå ein gong.

Dei gamle vindauga var til all lukke lagra i geitefjøsen, trass i at dei var svært dårlege. Vennelaget kontakta Reidulf Ervik, som straks tok turen til Årdalen for å sjå på om det var mogeleg å reparere dei. Men både karmar og glasfag hadde ikkje så mykje god ved at dette var å tenkje på.

Reidulf ville gjerne ta på seg å lage nye vindauge til bygget i nøyaktig kopi av dei gamle. Han kunne fortelje at han hadde liggande 1. sort material som høvde til dette, og gledde seg til å starte arbeidet sjølv om betaling måtte takast over tid.

For vennelaget var dette det ein i dag kallar eit «scoop». Alle glasfaga vart frakta på ryggen til Skårbø, og deretter i bil til verkstaden til Reidulf på Leikanger. Det som kunne nyttast av originale beslag og krokar vart teke med. Og maskinene vart starta opp.

No er alle vindauga ferdige, og står lagra i Hammersvik i påvente av transport til Årdalen. Men før den tid skal dei grunnast og malast. Desse vindauga blir som smykke på huset – dei er laga med med meisterleg kvalitet, og viser at det endå er fagfolk som kan gammalt handverk.

Ein liten detalj som syner dette er måten glasrutene er festa på. Trekantlister er nøyaktig tilpassa – sjå bildet til høgre.

Ei stor takk til Reidulf Ervik for framifrå arbeid.

Det er ein ekstra inspirasjon i arbeidet med Årdalen når det blir levert kvalitetsarbeid. I år kom taket på plass – også det gjort med flid av Terje Edvardsen og Jan Petter Venøy. Planen vidare er at nymåla vindauge og kledning skal komme på plass i 2009. Vi kan knapt vente.

Vennelaget håpar at dette kan inspirere fleire til å bli med i Aardalens Venner.