Blåknapp

(Succisa pratensis)

Blåknapp er ei fleirårig urt som høyrer til kardeborrefamilien, og blir normalt 20 – 60 cm høg. Likar seg i bakkar og beitemark, gjerne der det er fuktig. Mest vanleg i kyststrok heilt til Nordland.

Blåknapp har ein kort jordstengel og glatt opprett stengel som kan vere hårete. Grunnblada (ved jordfestet) er ovale og med heil rand. Få blad oppetter stilken, i par. Blomsten er halvkuleforma, 15 – 25 mm i diameter, og er ofte blåfiolett på farge.

Blåknapp har vore brukt som medisinplante – m.a. mot syfilis!