Bleikstarr

(Carex pallescens)

Bleikstarr er eit «halvgras» som veks i glisne tuer. Blada har ofte fine hår, og nedre støtteblad har ofte «bylgjer» på tvers.

Høgda på bleikstarr kan variere mellom 15 og 70 cm. Det er både ho- og han-aks på planten, sjå bilde. Han-akset øverst (eitt), medan det er 2 eller tre ho-aks.

Likar seg på fuktig mark, strender, vegkantar osv.