Einstape

(Pteridium aquilinum)

Einstape veks fleire plasser, og trivst godt i næringsrik jord. Einstape blir rekna som eit ugras når det veks på bøar og i beitemark. Kan og bli kalla einestabbe.

Bregna (av sisselrotfamilien) vart tidlegare tørka og brukt som underlag i potetbingar, under dyra og som «sengehalm». Einstape inneheld ei gift som held uty som lus og lopper borte.