Engfiol

(Viola canina)

Engfiol er ei fleirårig urt som veks rikt i Aardalsområdet, og er elles vanleg i heile landet. Blir 10 – 15 cm høg, og blada er svakt hjerteforma med bølga kant. Blomsten har fem kronblad og er blå. Luktar ikkje. Blomstring i mai – juni.

Det er mange hybridar (krysningar) av desse fiolane, og dei kan ofte vere vanskelege å skilje.

Engfiol har vore brukt i urtemedisin – både blada, blomsten og rota (har eterisk olje). Smaken er bittersøt. Fiolar har antiseptiske, betennelseshemmande og lokalbedøvande eigenskapar, og har lenge vore brukt i hudpleiemidlar, som kompress ved opphovning, på eksem, vanskelege sår etc.

Fiolar av ulike slag er rekna som rensende urter, og har vore brukte som støtteterapi ved kreft, særlig ved brystkreft og kreft i magesekken. Det er usikkert kva som gjer at det verkar positivt, men ein trur at det kanskje er den blodrensande effekten.