Enghumleblomst

(Geum rivale)

Enghumleblomst er ein flerårig plante av rosefamilien, og er vanleg over heile landet.

Planten har ein grov jordstengel og opprett stengel med finna blad nede. Dei øvre blada er tredelte og grovt tanna. Normal høgde 20 – 50 cm.

Blomsten er klokkeforma og «nikkande». Kronblada er lyseraude (raudgule til hvitgule), medan begerblada er spisse, hårete og raudbrune. Begerblada er om lag like lange som kronblada.

Den lodne frukta har «krokar» som er til hjelp for å spreie frøa. Stengelen rettar seg i denne fasen (sjå bilde).

Blomstringstid mai - juli