Engkarse

(Cardamine pratentis)

Engkarse høyrer til korsblomstfamilien og er ei svært vanleg fleirårig urt. Likar seg på næringsrike enger og i strandsona.

Engkarse kan bli frå 10 – 40 cm høg. Stengelen er opprett, hol og fast. Blada langs stengelen har mange småblad (rosettblad). Sjølve blomsten (8 – 14 mm) har fire kronblad som i farge kan variere frå bleikfiolett til rosa og kvitt, og har mørke årar. Støvberarane er gule. Oftast fleire blomster i klase.

Også engkarse har tidlegare vore brukt som urtemedisin. Ein laga uttrekk av blada ved å legge dei i varmt vatn, og uttrekket kunne då brukast mot skjørbuk, til å kurere dårlig fordøying og for å auke appetitten. Blada og den blomstrande planten meinar dei og var krampeløysande, slimløysande, betra fordøyinga, var urindrivende og stimulerende. Både blad og blomst kan etast, og vart brukt om det var problem med fordøying, nyrestein, hoste og astma.