Engsoleie (smørblomst)

(Ranunculus acris)

Engsoleie er fleirårig, og tilhøyrer soleiefamilien. Planten blir normalt 20 – 60 cm, og har loddrett stengel. Blada dannar ein rosett med smale flikar. Er vanleg både i eng og utmark med blomstring frå mai.

Engsoleie er giftig, noko som gjer at at planten blir ståande att når dyr beiter. Tørka (t.d. i høy) er ikkje planten giftig lenger.