Gjeldkarve

Gjeldkarve

(Pimpinella saxifraga)

Ei fleirårig, opprett urt av skjermplantefamilien som kan bli 15 – 60 cm høg. Rosettblada (ved rotfestet) er ovale og tette i høve til dei sterkt flika og få blada høgare oppe på stengelen (sjå bildet). Stengelen er finstripa. Likar seg i tørre bakkar.

Blomsten er kvit til raudleg i stor skjerm. Frukta (frøet) minner om karve.

Rota til gjeldkarve er lang og tjukk, og har ei sær lukt (som geitebukk) og ein brennende smak. Om rota blir tørka, blir angen og smaken dempa. Rota inneheld m.a. eterisk olje, og har vore brukt i folkemedisinen til mange plager.

Unge blad av gjeldkarve kan brukast i salatar. Smaken minner om agurk. Også av frøa kan det vinnast ut eterisk olje som m.a. har vore brukt til å gje smak (bitter) til likørar og til farmasøytiske produkt.