Hanekam

Hanekam

(Lychnis flos-cuculi)

Fleirårig urt med opprett, glatt og greina stengel, ofte raudleg. Høgde 20 – 80 cm. Høyrer til nellikfamilien.

Kronblada (fem) er djupt kløyvde i fire djupe flikar, og er raudfiolette på farge. Likar seg i fuktige enger og langs strandsona. Begeret (under kronblada) er sylindrisk med ti raude nervar som viser tydeleg.