Jonsokkoll

(Ajuga pyramidalis)

Jonsokkoll finn vi også mange plassar Aardalen. Planten tilhøyrer leppeblomstfamilien, og har mange

andre namn også, t.d. gjetargut, setertull, prestar, soldat, tussar, blåmann og sukkertopp.

Jonsokkoll er fleirårig og blir 10 – 15 cm høg. Planten er håra. Stengelblada (to og to) står krossvis oppetter stengelen, og er mørkast øverst. Blomane sit i krans mellom stengelblada, med 2 – 4 i kvar krans. Dei er blå på farge, men kan og vere raude eller kvite. Blømer i mai – juni.

Det latinske namnet «ajuga» kan tyde på at planten i gammal tid vart brukt mot gikt.

Også jonsokkoll vert spreidd av maur, og trivst godt i tørre bakkar.