Jordnøtt

(Conopodium majus)

Jordnøtt veks i store mengder i engbakkane i Aardalen. Jordnøtt er elles ein vanleg plante i kyststrok på Vestlandet. Jordnøttplanten blir om lag 30 cm høg, og er ein fleirårig frøplante som tilhøyrer skjermplantefamilien. Planten har ca. 1 cm store rotknoller (nøtter) som er etande. Når ein tek av det tynne brune skalet, er nøtta kvit eller gulkvit og smakar om lag som kokos.