Knappsiv

(Juncus conglomeratus)

Knappsiv er ein frøplante som høyrer til sivfamilien. Som namnet seier er blomsten forma som ein knapp, og er plassert på sida av sivet. Kan lett skiljast frå lyssiv ved at blomsten der er forma i eit knippe (sjå denne).

Blada er runde og liknar på strået. Blomsten er regelbunden og har seks grøne eller brune blomsterblad. Frukta blir ein kapsel med fleire frø.

Knappsiv (som lyssiv) står ofte som tuer på beitemark fordi dyra ikkje et det. Strået på knappsiv er matt og grågrønt, og overflata til strået er også meir ru enn på lyssiv.