Kusymre

Kusymre

(Primula vulgaris)

Primula tyder «den første om våren», og tilhøyrer nøkleblomfamilien. Kusymre er «fylkesblomsten» til Hordaland, på same måte som revebjølle er det i Sogn og Fjordane. Kusymra blir og kalla kublom, kusømra, gulveis og liblom. Ein trur at namnet kusymre kjem av at planten blomstrar når ein kunne sleppe kyrne på beite.

Kusymra er frå gammalt ein medisinsk urteplante som skal ha blodrensande effekt. I tillegg meiner ein at planten har slimløysande, krampeløysande og svakt smertestillande og roande effekt. Har og vore brukt som «ormemiddel» og brekkmiddel. Både blomster og blad er altså ikkje giftige, og kan etast. Det er fare for allergiske reaksjonar.

I Aardalen trivst kusymre uvanleg godt. I grasbakkane og elles finn ein kusymre i tusental om våren – frå tidleg i mars. Kusymra har ein uvanleg spreiingsmåte; det er maur som spreier planten i underjordiske gangar.