Plantenamn

(Sedum anglicum)

Kan forvekslast med kvit bergknapp (sedum album) som har meir butte kronblad, og bitterbergknapp (sedum acre) der kronblada er breiast innerst. To eller fleirårig urt som veks i teppe, har fem kronblad som er breiast på midten. Blomsten er oftast kvit, men kan òg vere bleikrosa og har raudlege prikkar. Høgde 2 – 7 cm, høyrer til bergknappfamilien.

Blada er små, eggforma og «kjøtfulle» med blågrøn farge. Planten er krypande med opprette blomsterskot. I periodar med mykje sol blir blada og stengelen raudleg – dette for å verne seg mot sola.

På våre kantar trivst kystbergknapp best ved sjøen på knausar og i steinur, der det er tørt og andre plantar ikkje skuggar. Blomstrar normalt i juni – august.
Også kystbergknapp vart nytta medisinsk i gammal tid, særleg mot utslett, opne sår, vorter og kviser.