Kystgrisøyre

(Hypochoeris radicata)

Fleirårig urt som høyrer til korgblomstfamilien. Blir 20 – 50 cm høg. Stengelen er enkel eller forgreina, og blir litt tjukkare mot blomsten. Blad i ein rosett ved rotfestet, fem blad, djupt tanna. Stilken har mjølkesaft.

Blomstringstid juni – august.