Lyssiv

(Juncus effusus)

Lyssiv har også blomsten nede på sivet, og er samla i klasar. Strået til lyssiv er friskt grønt. Som for knappsiv står lyssiv også ofte som tuer i beitemark fordi dyra ikkje et dei. Andre nemningar er rundsev, rundstorr, veikjegras, ljossev.

Lyssiv / veikjegras / ljossev har fått namnet sitt frå at margen tidlegare vart brukt til veike i tranlampar før stearinlyset si tid. Lyssiv var salsvare m.a. i Sogn. Det var borna sitt arbeid å lage veike.

Strået vart då opna med naglen, og den kvite, porøse (svampliknande) margen vart pressa ut.

Dei meinte at margen måtte takast ut på veksande måne, fordi han då var fastare og tjukkare enn elles. Margen vart retta ut og tørka godt. Dei stakk så den eine enden ned i trana, og tende den andre enden når veiken var gjennomtrekt.

Lyssiv (og knappsiv) har 40 - 120 cm høge strå i store, tette tuer. Blomsten er 1½ – 3 mm lang. Veks i fuktig beite, i eng og grøfter. Planten er ikke kalkkrevende.

Lyssiv har vore lite brukt i vestlig urtemedisin, men blir brukt ein del i kinesisk urtemedisin (dvs. ein variant Juncus effusus var. decipiens). Lyssiv blir rekna som «ei søt og kald urt» som verkar på meridianene lunge, hjarte og tynntarm, infeksjoner i blære og nyrer, mørk urin, uroleg søvn hjå barn, irritabilitet m.m.