Nattfiol

Nattfiol

(Platanthera bifolia)

Nattfiol har fått namnet fordi blomsten luktar som ein fiol, og elles blir bestøva av nattsvermarar. Planten har ein intens ange nattestid.

Nattfiol høyrer til marihandfamilien/orkidéfamilien, og blir 20–50 cm høg. Dei kvite eller gulkvite blomstane veks i klasar (aks) med opp til 30 blomster. Stengelen er kanta. Normalt har planten berre to - tre (eggforma) blad ved rotfestet.

Planten likar næringsrik jord. Ein art av nattfiolen er grov nattfiol. Som namnet seier er denne større og grovare enn vanleg nattfiol, og blomsten er grønkvit. Begge desse er relativt vanlege.

I Troms og Finnmark er det i tillegg ein art som heiter sibir-nattfiol