Ramsløk

Ramsløk
(Allium ursinum)

Ramsløk er ei fleirårig urt som blir 15 – 40 cm høg. Det er ein karakteristisk ange av planten, som på mange vis kan samanliknast med kvitløk. I England kallar dei ramsløk for «wild garlic».

Planten høyrer til liljefamilien, og har trekanta, opprett stilk. Blada er 3 – 6 cm breide. Sjølve blomsten er kvit og stjerneforma, og veks i ein halvkuleforma skjerm.Ramsløk er viltveksande, men blir og dyrka som handelsvare. Løken blir då hausta før blomstring. Sjølv om angen liknar på kvitløk, er smaken mildare (som ei blanding av grasløk og kvitløk). Trivst i fuktig og næringsrik jord.

Ramsløk har vore brukt i folkemedisinen om lag som kvitløk. Medisinsk skal urta hjelpe mot høgt blodtrykk, hindre åreforkalking og blodpropp. Likeeins skal ramsløk lindre magesmerte og betre fordøying, og kan brukast mot diaré‚ kolikk og luft i magen.

Heile planten kan brukast som te mot innvollsorm. Urta har kraftig antibakteriell verknad, og er et naturlig antibiotikum som kan nyttast mot ei rekke bakterier og sopp.