Skogstorkenebb

(Geranium sylvaticum)

Fleirårig urt av storkenebbfamilien. Blada er fingerdelte og breide. Planten blir 15 – 60 cm høg.

Blomsten (20 – 30 mm) er raudfiolett, ofte lysare mot midten. Fruktstilken er alltid opprett, og denne har form som ein storkenebb.

Blomstringstid juni – juli.