Stankstorkenebb

(Geranium robertianum)

Stankstorkenebb finn ein i Aardalen i strandområdet, ofte mellom rullesteinar. Tilhøyrer storkenebbfamilien, og er ei fleirårig urt som er illeluktande. Stengelen er ofte raudleg. Blomsten har 5 rosa kronblad med kvite striper.

Stankstorkenebb var tidlegare ein urteplante med sårhelande eigenskapar. Ein kjenner elles til at planten kan brukast til å lage urtete til bruk ved diaré og tarmkatarr. Kan også brukast mot gikt, urein hud og eksem.