Storblåfjør |
|
![]() |
(Polygana vulgaris)
Denne planten finn vi ikkje så mange plasser i Aardalen, men den finns. Storblåfjør tilhøyrer blåfjørfamilien med over 500 artar, men berre tre av desse veks i Norge. Alle blir 10 – 20 cm høge og har små og grøne kronblad. Dei to blå, store og breie blada er begerblada. Blomsten er vanlegvis blå, men kan og vere kvit eller rosa. Blomsten er 5 – 8 mm lang, og formar lause aks med mange blomstar. Storblåfjør er ei fleirårig urt som har opprett eller liggande stilk. Har spisse (lansettforma) blad spreidd langs stengelen, men ikkje ved rotfestet. Vanleg i grasbakkar og beitemark, på Vestlandet helst langs kysten. Likar næringsrik jord som held på fukt. Storblåfjør inneheld ei rekkje stoff, og har tidlegare vore brukt mot plager i luftvegane (tørr hoste, kronisk bronkitt, astma, kikhoste, brysthinnebetennelse og lungebetennelse). Lite brukt i dag. |