Strandnellik

(Armeria maritima)

Strandnellik blir også kalla fjørekoll, og tilhøyrer fjørekollfamilien. Planten er vanleg langs heile kysten, men ein kan ofte undre seg over kva planten lever når han veks livskraftig ut av bergsprekker heilt i sjøkanten. Tåler saltholdig jord.

Planten blir frå 5 – 30 cm høg, og er fleirårig. Enkle stenglar utan blad – blada er samla i ein rosett og er smale og «kjøtfulle». Blomsten er lyseraud med fem kronblad, og er samla i små kvastar til ein knappforma blomsterstand. Duft av blomsten.