Tepperot

(Potentilla erecta)

Tepperot er ein vanleg plante i store deler av Norge, og finns også i store mengder i området Aardalen / Rydjajorda. Tilhøyrer rosefamilien, og er fleirårig. Andre namn kan vere blodrot, tormentille, tesoleie og munnskåldrot.

Tepperot kan bli 15 – 30 cm høg, men er ofte krypande. Har 4 kronblad - ofte hjerteforma. Blada er sterkt tanna. Blomsrar i Aardalen frå mai.

Teppe tyder å stoppe, og kjem av planten si evne til å stoppe både diaré og blødningar. Tepperot var derfor ein viktig medisinplante tidlegare, og blir endå brukt i urtemedisin. Den raude rota vart brukt som blodrensande middel, mot anemi (når ein har for få raude blodlekamar og for lite hemoglobin) og raude hundar. Også brukt til å lage munnskyljevatn.

Rota inneheld mykje garvestoff, og hjelper når sår skal danne skurv. Har også lokalbedøvande verknad.