Vårkål

(Ranunculus ficaria)

Om våren kan vi somme stader i enga i Aardalen sjå vårkål. Vårkål blømer tidleg, ofte frå mars til ut mai. Blomsten er lett å kjenne att med mange, tydeleg

skilde kronblad (8 – 12). Blada elles er hjarteforma og glatte. Vårkål er fleirårig, og høyrer til soleiefamilien. Høgde 5 – 20 cm.

At «kål» er i namnet, kjem av at dette tidlegare var ein nytteplante. Dei mørkegrøne blada inneheld mykje C-vitamin. Blada vart brukt som kosttilskot (som ei grønsak) om våren. Men – i store mengder er vårkål giftig.