Vårmarihånd

(Orchis mascula)

På våren kan ein finne vårmarihånd i Aardalen, ofte saman med kusymre. Vårmarihånd tilhøyrer marihåndfamilien (orkidéfamilien), og er fleirårig. Blomstringstid i mai – juni, og vanlegvis med lilla blomar. Fargen kan variere frå heilt kvitt til djupt purpurfarga. Blomsten kan òg ha flekker. Høgde 20 – 40 cm.

Trivast godt i eng, kratt og halvtørre bakkar, gjerne med kalkrik jord. Blomsten har ei vond lukt som blir endå sterkare om plukkar og tek inn planten.